| vinterlandbruksskulen tilbyr studiet “VG 3 landbruk”. Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse i alle landbruksfaga |
|
Viktig Kunnskap
I landbruket må me spele på lag med mange vare og fine biologiske prosessar. I tillegg skal me tilpasse oss til offentlege regelverk og opinionen rundt oss. – Med ei agronomutdanning får du både oversikt og god innsikt i mange av desse utfordringane. Og samfunnet set meir og meir krav til at kunnskapen din skal kunna dokumenterast !
Vaksne elevar På Vinterlandbruksskulen er det vaksne elevar – gjennomsnittsalderen ligg på ca 31 år, med variasjon frå 19 til 63 år. Alltid mange damer som tar utdanninga – ofte ca 50% av klassen. Kunnskap som er aktuell Landbruksfag og natur/miljøfag står i sentrum. Elevane er i starten av å overta ein gard eller dei har drive ei stund, og nokre har ein draum om å få kjøpe seg ein gard. Felles for dei er at kunnskapen kan anvendast direkte i deira livsfase.
![]() ![]() ![]() Liten skule. Godt miljø. Skulen er relativt liten og oversiktleg, og det er ein lett tone mellom oss som er der. Me har kun ein klasse. Og svært liten formell administrasjon. Med felles opplevingar gjennom eit skuleår i klasserom og i mange utferder vert me godt kjende og skapar eit nettverk oss imellom. Eit breitt nettverk i ditt lokalsamfunn som er der resten av livet – til fagleg og til sosial glede. Mange tidlegare elevar framhevar dette som ein viktig sideeffekt av skulen! |
||||||||||||||||||||||||||||||