Vinterlandbrukskulen i Ryfylke
home Contact
Agronomutdanning
Vinterlandbruksskulen tilbyr studiet “VG 3 landbruk”. Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse i alle landbruksfaga
Vinterlandbruksskulen flyttar frå kommune til kommune i Ryfylke og på Haugalandet
Kontakt skulen
Adresse:  Ryfylkevegen 5469, 4137 Årdal
Telefon: 907 28 784,
E-post: kontor@vlr.no
Reiseplan for Vinterlandbruksskulen
Dei neste åra blir reiseruta slik:  
 
 
  2017 - 2018 Rennesøy Kommune
  2018 - 2019 Rennesøy Kommune
  2019 - 2020 Vindafjord Kommune
  2020 - 2021 Vindafjord Kommune (2 år om det er stor interesse)
  2021 - 2022 Suldal Kommune
 
 
Hendingar
14.11.2017 00:00:00
Tidlegare var skulen eitt år i kvar kommune. Men i det siste har elevsøknaden til skulen vore så stor at den har vore to år etterkvarandre i kvar kommune for å gje tilbudet til flest mogeleg av søkjarane.
09.01.2017 00:00:00
Skuleåret 2017-2018 vert på Rennesøy !

21 elevar i Suldal 2014-2015
16.03.2015 00:00:00
Agronomklassen i Suldal 2014 - 2015 tel 21 elevar, 18 er frå Suldal kommune og 3 er frå Sauda. Gjennomsnittsalder er 30 år.
Tida går fort. Me har gjort unna mykje fagstoff, og me har hatt kurs i inseminering av sau, bruk av motorsag  og plantevernkurs der alle greidde eksamen. 
Snart er det økter med rekneskap, meir skogbruk og me skal ha HMS-kurset for Landbruket, -  i tillegg til den vanlege timeplanen.
Utlandsturen er lagd til siste veka før påske, og i år går den til Zurich og Sveits / Østerrike.