Vinterlandbrukskulen i Ryfylke
home Contact
Agronomutdanning
Vinterlandbruksskulen tilbyr studiet “VG 3 landbruk”. Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse i alle landbruksfaga
Vinterlandbruksskulen flyttar frå kommune til kommune i Ryfylke og på Haugalandet
Kontakt skulen
Adresse:  Ryfylkevegen 5469, 4137 Årdal
Telefon: 907 28 784,
E-post: kontor@vlr.no
Reiseplan for Vinterlandbruksskulen
Dei neste åra blir reiseruta slik:  

 
 2016 - 2017 Hjelmeland kommune (to år pga stor søknad)
 
  2017 - 2018 Rennesøy Kommune
 
  2018 - 2019 Vindafjord Kommune
Hendingar
09.01.2017 00:00:00
Skuleåret 2017-2018 vert på Rennesøy !
16.11.2016 00:00:00
i tillegg til dagsturar i nærområdet har skulen to lengre fagturar.

Austlandsturen 2016.
21.10.2016 00:00:00
Austlandsturen er ein god tradisjon i Vinterlandbruksskulen. Den er ein augneopnar, den gjev landbruksfagleg ballast og er viktig for felles opplevingar og klassemiljø.
I år var første overnatting lagt til på Bø, Telemark etter eit geite-gardsbesøk i Arabygdi. Neste dag var me innom tre gardar - ein av dei med andelslandbruk. Heile tysdagen vart tilbrakt på NMBU, Ås. Me fekk høyre om og sjå ymse utstyr for energifanging, me fekk sjå landbruksroboten Thorvald og me fekk kjenne inni kuvomma(!).  Tilbaketuren over fjella var innom ein "Inn på tunet"-gard, og i Telemark hadde me ein særdeles smakfull og rikhaldig fjellgardslunch på Lien Fjellgard. Takk for alt dette, og for ein kjempetriveleg gjeng å reise saman med !