Vinterlandbrukskulen i Ryfylke
home Contact
Agronomutdanning
Vinterlandbruksskulen tilbyr studiet “VG 3 landbruk”. Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse i alle landbruksfaga
Vinterlandbruksskulen flyttar frå kommune til kommune i Ryfylke og på Haugalandet
Kontakt skulen
Adresse:  Ryfylkevegen 5469, 4137 Årdal
Telefon: 907 28 784,
E-post: kontor@vlr.no
Reiseplan for Vinterlandbruksskulen
Dei neste åra blir reiseruta slik:  
 
 
  2017 - 2018 Rennesøy Kommune
  2018 - 2019 Rennesøy Kommune
  2019 - 2020 Vindafjord Kommune
  2020 - 2021 Vindafjord Kommune (2 år om det er stor interesse)
  2021 - 2022 Suldal Kommune
 
 
Hendingar
14.11.2017 00:00:00
Tidlegare var skulen eitt år i kvar kommune. Men i det siste har elevsøknaden til skulen vore så stor at den har vore to år etterkvarandre i kvar kommune for å gje tilbudet til flest mogeleg av søkjarane.
09.01.2017 00:00:00
Skuleåret 2017-2018 vert på Rennesøy !
Historie


Skulen starta opp 1979, - fyrste året som ein avdeling av Vinterlandbruksskulen på Jæren
www.vlj.no - og deretter som sjølvstendig skule.

Stiftelse

Skulen er driven som ein stiftelse der kommunane i Ryfylke er stiftarar. Antal kommunar i stiftelsen har variert. I dag er alle kommunane i Ryfylke med i stiftelsen og i tillegg er Tysvær og Bokn kommunar på Haugalandet med !

Skulen kjem inn under Privatskulelova og føl same fagplaneverket som dei fylkeskommunale skulane.

Formål:

Formålet til skulen er å gje tilbud til utdanning i naturbruk til vaksne personar som pga familie og jobb vanskeleg kan reisa vekk for å ta utdanninga.

“Vinter- “

Ordet vinter i Vinterlandbruksskulen kjem av at undervisninga var lagd til vintermånadane september-påske, - då var det rolegaste tida på gardane. Elevane gjekk på skulen kvar dag i veka.

I dag har elevane jobb ved sida av garden og undervisningstida er lagd opp med to kveldar og ein dag i veka og ein laurdag i månaden, og dette er strekt ut over heile skuleåret. Såleis er ordet “vinter-“ noko misvisande i dag.

Tveit vidaregåande skule, Nedstrand i Tysvær

Tveit vgs på Nedstrand i Tysvær kommune – www.tveit.vgs.no - vart nedlagd av Rogaland Fylke i år 2001. Elevtalet var nede i 36 elevar.

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke inngjekk avtalar med fylket om overtaking og dreiv denne tradisjonsrike skulen dei neste 5 åra. Elevtalet auka til 94 elevar og skulen vart så skilt ut som sjølvstendig organisasjon med eigen administrasjon og styre.