Vinterlandbrukskulen i Ryfylke
home Contact
Agronomutdanning
Vinterlandbruksskulen tilbyr studiet “VG 3 landbruk”. Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse i alle landbruksfaga
Vinterlandbruksskulen flyttar frå kommune til kommune i Ryfylke og på Haugalandet
Kontakt skulen
Adresse:  Ryfylkevegen 5469, 4137 Årdal
Telefon: 907 28 784,
E-post: kontor@vlr.no
Reiseplan for Vinterlandbruksskulen
Dei neste åra blir reiseruta slik:  

 
 2016 - 2017 Hjelmeland kommune (to år pga stor søknad)
 
  2017 - 2018 Rennesøy Kommune
 
  2018 - 2019 Vindafjord Kommune
Hendingar
09.01.2017 00:00:00
Skuleåret 2017-2018 vert på Rennesøy !
16.11.2016 00:00:00
i tillegg til dagsturar i nærområdet har skulen to lengre fagturar.

Agronomkurs

Generelt
Kurset varer eitt år og gjev kompetansen agronom. Oppstart er ca 20. august.

Du lærer det viktigaste om foring og stell av dyr, planter, jordlære, plantelære, biologi, teknikk, økonomi, miljø, og generll naturbruk. Kulturlandskap og naturforvaltning har stor plass i timeplanen.

På Vinterlandbruksskulen kan du fordjupe deg i emner du er interessert i . For eksempel sau, hestefag, miljøfag . Andre emner kan også vere aktuelle.

Kveldar og dagar
Sidan mange av elevane ynskjer å behalda jobben sin medan dei går på skulen, forsøker me å tilpassa undervisningstida til det. Dei siste åra har me lagt undervisninga til to kveldar og ein dag i veka og i tillegg ein laurdag i månaden.

Me diskuterer med elevane kva for kveldar og dag i veka som høver best, og likeins kva laurdagar me kan bruke. Dette gjer me i eit møte som me kallar interesserte elevar inn til i slutten av juni .

itslearning er brukt på skulen. Dei siste åra har me difor kunna legge opp eiga støtte til elevar som er offshore.

Praksis
I skuleåret skal det også vere praksis på gard. Har du gard sjølv, kan du vere der. Skulen hjelper til med å skaffe praksisgard til dei som ikkje har gard sjølve. Det skal førast ein journal over praksisarbeidet.

Variert undervisning
Undervisninga er lagt opp som førelesingar, gruppearbeid , demonstrasjonar og utferder til gardsbruk og bedrifter.

Itslearning på data er god å ha. Du har kontakt med læraren via data. Utover skuleåret får du ein del oppgåver å gjere heime.

Skulen har eigne velutdanna lærarar. I tillegg leiger me inn mange timelærarar og gjesteførelesarar.

Lengre fagturar
Det er også vanleg å fare ein tur over fjellet til Austlandet. Me besøker gardar underveis på turen og på Austlandet er me alltid innom Landbruksuniversitetet på Ås (UMB).

Så er det tradisjon for å fare ei veke til utlandet på vårparten. Elevane bestemmer tid og kva land som skal besøkjast.