Vinterlandbrukskulen i Ryfylke
home Contact
Agronomutdanning
Vinterlandbruksskulen tilbyr studiet “VG 3 landbruk”. Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse i alle landbruksfaga
Vinterlandbruksskulen flyttar frå kommune til kommune i Ryfylke og på Haugalandet
Kontakt skulen
Adresse:  Ryfylkevegen 5469, 4137 Årdal
Telefon: 907 28 784,
E-post: kontor@vlr.no
Reiseplan for Vinterlandbruksskulen
Dei neste åra blir reiseruta slik:  
 
 
  2017 - 2018 Rennesøy Kommune
  2018 - 2019 Rennesøy Kommune
  2019 - 2020 Vindafjord Kommune
  2020 - 2021 Vindafjord Kommune (2 år om det er stor interesse)
  2021 - 2022 Suldal Kommune
 
 
Hendingar
14.11.2017 00:00:00
Tidlegare var skulen eitt år i kvar kommune. Men i det siste har elevsøknaden til skulen vore så stor at den har vore to år etterkvarandre i kvar kommune for å gje tilbudet til flest mogeleg av søkjarane.
09.01.2017 00:00:00
Skuleåret 2017-2018 vert på Rennesøy !

Fag

Planteproduksjon

I planteproduksjon arbeider vi med å kunne forstå korleis rett bruk av gjødsling, rett stell av jord og planter og rett bruk av plantevernmiddel kan medvirke til best mulig resultat i planteproduksjonane på garden. Undervisninga legg hovudvekt på grovfordyrking.

•Vi skal lære å kjenne igjen ulike jordtypar og kva eigenskapar dei ulike jordtypane har som dyrkingsjord. Vi går inn på korleis jord er bygd opp med mineralpartiklar (leir, silt, sand), mold, luft, vatn og jordliv, og korleis dette påverkar jorda som dyrkingsjord. Vi ser også på korleis maskinbruk og grøfting påverkar jordkvaliteten.

•Vi skal lære meir om ulike næringsstoff og korleis dei oppførarar seg i jord og planter. Vi kjem også til å gå inn på korleis ein kan utnytte næringsstoffa best mulig i gjødslinga slik at ein får best mulig avling og minst mulig forureining.

•Vi kjem til ta utgangspunkt i dykkar eigne gardar og rekne på kor mykje næringsstoff som ein kan få frå jord og husdyrgjødsel, og eventuelt kor mykje mineralgjødsel ein må kjøpe. Vi ser også på berekning og verknad av kalk. Vi reknar først litt manuelt, seinare på data.

•Du vil lære meir om dei viktigaste plantene vi dyrkar med hovudvekt på grovfordyrking. Vi ser på ulike eigenskapar og stell av ulike grastypar. Vi kjem også innom rotvekstar, korn og potet.

•Vi ser på korleis vi kan bruke plantevernmiddel på ein rett måte. Du lærer om ugras, sjukdom og skadedyr i dei viktigaste kulturane. Du vil få tilbod om å ta sprøytesertifikatet.

•Vi ser også på kva krav som blir sett frå myndigheiter og andre, for å kvalitetssikre ulike produksjonar.

Husdyrproduksjon
I husdyrproduksjon arbeider vi med å kunne forstå korleis godt stell, rett fôring, medvite avlsarbeid og god dyrevelferd kan medvirke til best mulig lønsemd i husdyrproduksjonane på garden. Undervisninga legg hovudvekt på storfe, sau, gris og høns.

•Vi skal lære å ”lese dyra”, forstå kva vi ser, og gjere dei tiltaka som er nødvendige.

•Vi skal drøfte kva som ligg i omgrepet god dyrevelferd, kva som har innverknad på dyrevelferd, og korleis vi kan skape gode forhold for dyra.

•Vi går inn på hovudinnhaldet i viktige lovar og reglar som gjeld husdyrhald.

•Vi legg vekt på å forstå fordøyinga hjå einmaga og fleirmaga dyr, og korleis vi ut frå denne kunnskapen vel fôrmiddel, gjennomfører praktisk fôring og driv førebyggjande helsearbeid.

•Vi finn fôrbehovet til dyr i vekst og produksjon, og sett opp plan for korleis ein kan dekke dette med bruk av fôrressursar frå garden og innkjøpt fôr.

•Vi bruker fôranalysar eller andre måtar å finne fram til kvaliteten av grovfôr, og korleis ulike faktorar påverkar fôrkvaliteten.

•Vi ser på korleis fôring og stell påverkar kvaliteten på dei ulike husdyrprodukta.

•Vi arbeider for å forstå korleis dyra sine eigenskapar blir ført vidare frå ein generasjon til den neste, og korleis ein gjennom avlsarbeid kan påverke desse eigenskapane.

•Du skal lære å kjenne dei vanlegaste husdyrsjukdomane, og korleis du kan drive aktiv førebygging gjennom gode driftsløysingar og rutinar.

•Vi skal vurdere kvalitetssikring og kjenne krav til kvalitetssikring i dei aktuelle produksjonane.

•Vi skal sjå på bygningsløysingar og drøfte innreiing, ventilasjon og bygningstypar for aktuelle dyreslag.

•Vi skal drøfte korleis bøndene kan sikre marknaden for norske husdyrprodukt, og kva forbrukarar og politikarar ventar av husdyrhaldet.

Utmark og kulturlandskap
I utmark og kulturlandskap underviser me i grunnleggande biologiske prosessar i naturen, i det viktige begrepet biologisk mangfald og forhold som virkar inn på det. Me ser på produksjon, skjøtsel av skog og utmark. Aktuelle tema:

· Økologi og biologisk mangfold.

· Vern av natur. Rød og svart listen. Ulike vernetyper.

· Grunnleggende plante og dyrelære.

· Stell og bruk av motorsag og sikkerhet rundt dette.

· Rovdyr.

· Hjortevilt.

· Fleirbruk av naturressursane (utmark og kulturlandskap).

· Teori og synfaring ute i kulturlandskapet.

· Kjennskap til diverse kulturminne.

· Teori og synfaring i område med mykje kulturminne

Gardsdrift
I gardsdrift arbeider vi med forvalting av verdiar, produksjonsapparat og naturressursar på garden ut frå omsynet til økonomi, regelverk og etiske prinsipp. Faget skal gje ei grunnleggjande økonomisk forståing. Aktuelle tema:

· Offentleg virkemiddelbruk og støtteordningar, der vi mellom anna lærer å rekne ut produksjonstilskota for eigen gard.

· Leige, forpakting, kjøp og overdraging av landbrukseigedom.

· Vi skal rekne ut dekningsbidrag, driftsoverskot og andre aktuelle lønsemdsmål for å vurdere økonomien på garden.

· Vi skal sjå på kva som påverkar økonomien i ulike produksjonar, og korleis vi kan setje opp kalkylar.

· Vi skal arbeide med kartlegging av ressursane på garden og med eigne målsettingar for gardsdrifta.

· Nyetablering med utarbeiding av forretningsplan for ei tilleggsnæring skal vi arbeide ein del med.

· Vurdere lønsemd og tiltak som kan betre det økonomiske resultatet.

· Økonomisk vurdering av vedlikehald og investeringar på garden og korleis vi skal finansiere dette. Utarbeiding av produksjonskalkylar og driftsplan for eigen gard.

· Utarbeiding av produksjonsplanar og tilpassing av produksjonane til endringar i rammevilkåra

· Me set opp 5 årige driftsplanar for ein gard – du kan setje opp for din eigen gard om du ønsker det

Økonomi og Driftsleiing
Me ser gardsdrifta sitt forhold til samfunnet og me ser på lovar og reglar som gjeld for gardsdrift

· Rekneskapsforståing og skatte- og trygdemessige forhold.

· Risiko og forsikring av personar og eigedelar på garden får vi gjennomgått av eit forsikringsselskap.

· Landbrukshistorie og landbruket sin plass i samfunnet i dag

· Norsk og internasjonal landbrukspolitikk.

· Dei viktigaste lovene: Odelslova , Konsesjonslova, Jordlova, Beitelova,Gjerdelova m.fl.

· Matvaresituasjonen i verda

· Vurdering av val av foredlings- og omsettingsformer av produkta frå garden, der kunnskap om landbrukssamvirket inngår som ein viktig del.

· Kvalitetssikring i landbruket – KSL der også helse, miljø og sikkerhet – HMS høyrer til. Vi lagar plan for eigen gard..

· Helse og rett bruk av kroppen for bonden.

· Vi vil som ein viktig del av undervisninga, reise ut på bedriftsbesøk eller hente inn aktuelle fagpersonar for å gjere kunnskapen meir variert og tidsaktuell.

· Rettar og plikter for både arbeidsgjevar og arbeidstakar skal vi òg sjå litt på.


Traktor og Maskinar
Me går gjennom mykje av dei maskinane som vert nytta i landbruket. Målet er at de skal læra korleis maskinane vert nytta, og ikkje minst - korleis dei skal vedlikehaldast.

Dei som har liten eller ingen erfaring i bruk av traktor, får ei enkel opplæring i dette. Undervisninga har ei praktisk tilnærming der målet er at ein skal ha nytte av det ein lærer i kvardagen.

Det vert lagt vekt på å kunna vurdera ulike maskinar, fordelar og ulemper med dei, og korleis dei påverkar økonomi og miljø.

Aktuelle tema som vert drøfta:
· Traktor og transport
· Grashausting
· Så og gjødsel
· Korn og halmberging
· Poteter og rotvekstar
· Jordarbeiding (tromling)
· Plantevern (beitepussing)
· Nydyrking og grøfting
· Teknisk utstyr i driftsbygning